21.11.07

Kvardagsfrustrasjonar

Det er til tider mange av desse. Litt fleire her enn heime i Noreg, trur eg...

  • Mygg
  • Frekke bilistar - her er det KUN frekke bilistar, og då blir ein frekk sjølv. Vond sirkel.
  • Mjuke trafikantar som går kvar dei vil, når dei vil, og kryssar vegen så seint dei vil.
  • Det fyrste og einaste lyskrysset i Arusha - Rødt? Grønt? To felt? Kva er det?
  • Mygg inne i myggnettingen
  • Å venta leeenge på at butikksjefen skal finna prisen på ei vare, for deretter å ikkje FÅ LOV TIL å kjøpa den sidan dei ikkje finn prisen (dette er den skikkeligaste matvarebutikken her!)
  • African time
  • Støv overalt, alltid.
  • Mygg utanfor myggnettingen
  • Når den nye DVD-spelaren seier "poff", blir svart og luktar svidd.
  • Når den gamle, gamle støvsugaren seier "poff" og blir heilt stille.
  • Folk som ikkje held avtalar
  • Vaskemaskinen
  • Alt som ikkje virkar (og det er det mykje av her)
  • Hundane som gøyr om natta
  • Naboar som høgg ned tre kl 05.00 
  • Mygg

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var litt av ein mygg- 100gonger større enn i Norge.
Er det ditt blod du har spandert på han? Det ville ikkje eg ha gitt til udyret!